Ønsker du å kjøpe dronninger av brunbier?
Me avlar på bier som har gode eigenskapar.
Dronningene blir para på Jæren Birøkterlag sin parestasjon på Foss i Bjerkreim.
Ta kontakt for meir informasjon og pris!
Brunbier og dronningavl
Den norske brunbia er ei hardfør og viktig honningbie i Norge. Brunbia spelar ei avgjerande rolle for økosystemet og er no under vern i reinavlsområder og planmessig avlsarbeid for å sikre at denne underarten (Apis mellifera mellifera) overlever med arvestoffa som er tilpassa klimaet og det økologiske miljøet i Norge.
Jæren Birøkterlag har vedtatt å arbeide for at området sør for Boknafjorden skal vera eit reint område for brunbier. På den måten kan me driva eit planmessig avlsarbeid for robuste og effektive brunbier, og unngå hissige hybrider der brunbiene blir kryssa med andre underartar av Apis Mellifera.
Brunbia
Den norske brunbia, Apis mellifera mellifera, er kjend for sitt mørkebrune eller svarte utseende, og er tilpassa det kalde nordiske klimaet. Brunbia er ei hardfør og robust bie som trivst godt i dei ulike landskapa og vêrforholda i Noreg.
Brunbia er ein viktig pollinator og bidrar til bestøving av ei rekke planter og avlingar. Ho samlar nektar og pollen frå blomar og produserer den honningen vi sankar og tappar på glas. Honningen har ein særprega smak og farge, med ei djup sødme og rikdom som speglar brunbia sitt naturlige leveområde.
I tillegg til honningproduksjonen spelar den norske brunbia ei viktig rolle for økosystemet som heilskap. Bia bidrar til oppretthaldinga av biologisk mangfald ved å bestøve ville blomar og planter. Dei er òg viktige for landbruket, då dei bidrar til avlingane si suksess gjennom bestøving.
Sjølv om den norske brunbia har møtt utfordringar som tap av leveområde og klimaendringar, er det blitt sett i verk tiltak for å bevare og verne denne verdfulle underarten. Blant anna er det eit lovfesta reinavlsområde i Flekkefjord og Lund.
Å opprette eit sunt og mangfaldig biehabitat er avgjerande for å sikre brunbia si overleving og fortsatte bidrag til pollinering og honningproduksjon i Noreg.
Dronningavl
Når biene svermar, flyg gjerne mange tusen bier i lag ut av kuba si og bort i ein busk, tre eller ein annan plass der dei kan samla seg. Nokre få "speiderbier" vil så søka etter ein permanent ny bustad, gjerne i eit uthus. Tilbake i bikuba som dei kom frå, er gjerne halvparten av biene pluss all yngel. Blant yngelen har biene "dratt ut" fleire dronningceller, som om få dagar vil klekka og gi nye dronninger. Desse vil kort tid etterpå stikke av i ein sverm med sin eigen, stadig mindre flokk med arbeiderbier. Denne naturlege forma for "øksling" utvikla biene gjennom millionar av år før menneska lærte å stelle bier som husdyr. I dag ønsker me å ha kontroll på biene, og sverming passar derfor som oftast dårleg inn i ei effektiv driftsform for birøkt. Gjennom avl kan me få fram bier har dei eigenskapane som me ønsker.
Som birøktar legg ein merke til små skilnader mellom dronningane. Dette kan visa seg i bienes lynne, dronningens eggproduksjon, generell helse og styrke i biene, og svermetrang.
For å avle fram dei gode eigenskapane, bruker me eigne ramer med "koppar" for å lokke biene til å produsera nye dronninger. Me løftar forsiktig ut dagsgamle larver frå ei kube med ei god dronning og legg denne larva ned i "koppen". Om alt går som det skal, vil det etter 13 dagar krype ei ny dronning ut frå det som nå har blitt ei fin dronnincelle. Desse blir deretter sette inn i ei parekube; ei lita "mikro-kube" med ei handfull bier.
Parekuba blir plassert ut på parestasjonen på Foss i Bjerkreim, som Jæren Birkøkterlag driv. Her har me kontroll på kva arvemateriale som følgjer med dronene når dronninga er ute og parar seg.
Biestellet
Det er tidkrevjande å vera birøktar. Særleg om våren når naturen vaknar til liv og plantane byrjar å produsera pollen og nektar. Då flyg biane ut for å utføre pollineringstenesta si og tar med seg det dei treng for å føda neste sesongs bielarvar.
På kort tid kan det produserast tusenvis av nye bier, og då er det viktig som birøktar å vera på vakt for å unngå at biene går tom for plass i kube. Då vil biene produsera ei ny dronning og sverme. Då flyg ein stor del av biene saman med den nye dronninga ut av kuben og set seg ein stad i nærleiken for å finna ein ny stad å slå seg ned.
Med planmessig stell frå mai til ut juli unngår me gjerne sverming ved å gi biene meir plass om dei treng det, og ved å observera om det blir laga nye dronningceller. Det er også viktig å halda auge med at svake kube ikkje har for mykje plass eller for lite fôr, særleg om våren.