top of page

Om Auklend Birøkt

Auklend Birøkt starta i 2017 med tre bikuber like ved våningshuset på den gamle prestegarden på Høyland, der NMBU Sandnes i dag står for gardsdrifta og huser forskingsstasjonen SEARCH. 

Etter eit par år vaks talet på bikuber og me flytta biene opp i skogen til NMBU i Melsheia. I dag står halvparten av dei vel 30 bikubene i Melsheia, medan nokre står på Gramstad, Horve og Bråstein.

I slutten av juli flytter me kubene frå Melsheia opp til Giljastølen. Der flyg biene straks til røsslyngen for å samla nektar frå den duftande lyngheia fram til slutten av august. Lynghonning fra Giljastølen er det viktigaste produktet til varemerket vårt: «Høyland Honning».

IMG_20230727_122650_1.jpg

Honningen

Ei bie greier å samla om lag 50 mg nektar på ei arbeidsøkt ute i lyngheia. Ei full teskei med honning vil krevja rundt 500 slike turar.

Biene forsegler lynghonningen med eit tynt, men tett lag av rein voks. Forsiktig fjernar me denne voksen og kjører tavlene gjennom ei slynge før silen skiller voksen frå honningen, som er klar og gjennomsiktig og smaker av dei beste minnene frå ein flott sommar.

Rein honning skal behandlast hygienisk. Vannprosenten blir målt i honningen før slynging. Høyland Honning har under 21% vatn, sommarhonningen under 20%. Viser refraktometeret høgare verdi, blir tavlene tørka ned før slynginga.

Me slynger honningen rett frå voksrammene og silar den i to trinn gjennom koniske silar utan bruk av maskinelle pumper. Deretter vert honningen tømt i behaldarar der vi tilset litt finkrystallisert honning frå fjoråret. Desse krystallane "formerar seg" i den nye honningen samtidig som vi dagleg rører rundt med ein stor spatel av bøketre. Like før honningen er heilt krystallisert og medan han framleis kan flyte litt, tappar vi han over i glas til sal. Ingen oppvarming under prosessen, berre gravitasjonskraft i alle ledd.

Sølv-rangering av honningen vår fra Giljastølen!

GS_250_cutout.png
Sølv m.svart.png

Ta kontakt

Takk for henvendelsen

Utsalgssteder

hey-honey-bier.png

Hey Honey, Amfi Ålgård

46458054_10155758314862882_8108098325779054592_n.jpg

Ostehuset Øst, Stavanger

byrkjedalstunet.png

Byrkjedalstunet

ert_LOGOER_2020__edited.png

Kanelsnurren, Sandnes

vinterlandisandnes_edited.png

Vinterland i Sandnes

IMG_20200726_193706.jpg
bottom of page